Forfatter: Linnéa Myhre

Sjanger: Brevroman

Forlag: Tiden

Debutboka til Linnéa Myhre frå 2012, «Evig søndag», var ikkje nokon god roman, litterært sett. Men, og det skal understrekast, det var ei bok som sette ord på alvorlege psykiske problem som anoreksi og skjønnheitshysteri. Med andre ord, ei personleg bok som trefte mange, spesielt unge kvinner — ei bok som mange opplevde at sette ord på vanskelege kjensler og tankar. Ei nyttig bok, rett og slett, som dessutan verka gjennomarbeidd. Årets bok, «Kjære», er samansett av mellom 25 og 30 brev. Eg nemner: brev til mamma, ein terapeut som har hatt henne til behandling, Jarle (ein tidlegare kjærast), tante Margit, kollektivet, Knut Kristian Moeng (redaktør i Menn) og til seg sjølv. Eg stoppar der.

I all hovudsak handlar breva om forfattarens forhold til andre menneske, til mat generelt - og leverpostei, raudbitar og Natreen sukettar spesielt - og Internett, for å ha nemnt litt. Livet som kjendis ligg som eit bakteppe gjennom boka, som endar med eit brev til Sondre Lerche, som ho har falle ettertrykkeleg for. På den positive sida skal det understrekast at ho, slik eg les boka, skjønar at ho er dyktig sjølvoppteken, og glimtar til med sjølvironiske utsegner. Ho kan også vere morosam, eit eksempel er skildringa av forholdet ho har til kombinasjonen leverpostei og raudbitar.

Men hovudinntrykket er dessverre at forfattaren denne gongen serverer oss mykje langhalm, eller inkjeseiande småprat. Eg er ikkje ein augneblink i tvil om at mange unge jenter likevel vil sluke denne boka, men som bokmeldar må eg vurdere boka som litteratur, som roman, og då held ho ikkje mål. Det som er nesten tragisk er at eg meiner å kunne sjå at «Kjære» kunne ha blitt ein brukbar, ja kanskje til og med god, brevroman. Litt meir struktur, stryking av dei verste banalitetane og ei generell innstramming hadde hjelpt. For meg blir det fullstendig uskjønleg at forlaget Tiden, med sitt skjønnlitterære konsulentapparat, ikkje har gripe inn og losa den ferske forfattaren fram til eit mykje betre produkt. Det er freistande å mistenke forlaget for først og fremst å ha i tankane at populariteten frå førsteboka kunne mjølkast vidare. I alle fall har forlaget gjort henne ei bjørneteneste med å presentere ei uferdig bok.