Kristian Hagestad

Ønske og krav om samanfall mellom nasjonskart og etniske grupperingar ligg bak mange tvistar gjennom tidene i det urolege hjørnet av Europa. Konfliktane har hatt form av alt frå verbale utfall til krig, etnisk utreinskning og massakrar. Krigane i det tidlegare Jugoslavia på 1990-talet innebar slutten på idéane til Milosevic og Tudjman om respektive stor-Serbia og -Kroatia. I dag er der aukande bekymring for dyrkinga av draumen om stor-Albania.

Albania møtte Serbia

Den 14. oktober i fjor møttest fotballlandslaga frå Albania og Serbia i Beograd til kvalifiseringsspel for europameisterskapen. I det førtiandre minuttet av kampen kom ein drone inn over stadion. Den førte med seg eit stort banner med raudt kart over stor-Albania, pryda med den svarte albanske ørna. I tillegg til Albania omfatta kartet Kosovo, halve Montenegro, halve Makedonia og delar av Serbia og Hellas. Da ein serbisk spelar fekk tak i flagget, blei han angripen av albanske motstandarar, og slåsskampen var i gang. Kampen blei avslutta. Ved tilbakekomst til Tirana blei det albanske laget mottatt som heltar og feira som «sigerherrar» av mange tusen menneske. Statsminister Edi Rama sa han var stolt over at dei raud-svarte hadde vunne fotballkrigen.

Politisk provokasjon

Serbia innkalte den albanske ambassadøren og leverte ein skarp protest. Utanriksminister Ivica Dacic kalte episoden ein planlagt politisk provokasjon. Men Albania har ikkje tatt avstand frå eller beklaga det som skjedde. Derimot er det sagt at ideen om stor-Albania er ei forelda myte, som lever vidare som serbisk mardraum. Under kampen i Beograd sat Olsi Rama, bror til den albanske statsministeren, på tribunen. I Serbia er det ei utbreidd oppfatning at Olsi var hjernen bak dronestuntet. Hendinga utløyste valdsepisodar i fleire land; samanstøyt mellom albanske og andre studentar i Montenegro, mellom albanarar og serbarar i Wien, samt åtak på serbisk eigedom i Kosovo. I Serbia blei fleire forretningar drivne av albanarar ramponerte. Sør i Albania vart den greske minoriteten uttsett for overgrep.

onfliktane har hatt form av alt frå verbale utfall til krig, etnisk utreinskning og massakrar.

Statsminister Rama skulle etter planen besøke sin serbiske kollega 22. oktober, det første besøket av ein albansk statsminister i Beograd på 68 år. Invitasjonen blei oppretthalden, men vitjinga utsett til 10. november. Serbias statsminister Alexandar Vucic konstaterte etter møtet med sin albanske kollega at det «ikkje hadde vore lett». Frå Beograd drog Edi Rama på privatbesøk til Presevo-dalen i sør-Serbia, eit kjerneområde for den albanske minoriteten i landet. Der blei han møtt av plakat med teksten «Velkommen statsminister». På heimveg drog han gjennom Kosovo, der han stansa for å helse på ei gruppe menneske som bar same flagget som blei brukt på stadion i Beograd.

Stor-Albania

I november i fjor sendte den albanske historikaren og politikaren Koco Danaj brev til regjeringane i Montenegro, Serbia, Hellas og Makedonia med oppfordring om å gi opp delar av territoria sine, slik at albanarane kunne sameinast. Statsminister Rama sette i januar opp eit kjempelysbilde av kartet over stor-Albania på veggen til villaen sin i Tirana. Framsyninga blei fjerna etter protest frå Beograd. I samband med underteikning av fleire avtalar mellom Albania og Kosovo 23. mars uttalte Rama at dette var eit steg mot nasjonal einskap mellom dei to gjennom EU. Men, la han litt kryptisk til, om vi ikkje oppnår slik einskap gjennom EU, må det gjerast på «klassisk vis».

Utanriksminister Ivica Dacic kalte episoden ein planlagt politisk provokasjon.

I løpet av våren er fokus flytta til Makedonia. I februar og april stod albanarar bak eksplosjonar utanfor regjeringskomplekset i Skopje. Den 9. mai gjekk tungt væpna politi til storaksjon i byen Kumanovo. Målet blei sagt å vere ei gruppe med 30 — 40 albanske terroristar frå Kosovo, Albania og Makedonia. Aksjonen kosta 22 liv, åtte politimenn og 14 albanarar. Det er opplyst at gruppa hadde planlagt åtak mot strategiske statlege mål, derunder ei sentral bru i Skopje. Ein av dei antatte terroristane, som unnslapp, har uttalt at målet er ein albansk stat i nordvest-Makedonia.

Avsløringar om valfiksing

Kritiske røyster har stilt spørsmål ved motiv og val av tidspunkt for den makedonske aksjonen. Regjeringa er under hardt press etter avsløringar om valfiksing og masseovervaking. Men det er ikkje første gong det er etnisk konflikt i Makedonia, der albanarane utgjer om lag 25 % av befolkninga. I 2001 var landet på kanten av borgarkrig, om lag hundre menneske blei drepne. Etter eit halvår blei det inngått fredsavtale, som bl.a. anna skulle styrke rettane til den albanske minoriteten. I 2007 var det nye samanstøyt, da med sju drepne og beslaglegging av våpen nok til 500 mann.

Ein av dei antatte terroristane, som unnslapp, har uttalt at målet er ein albansk stat i nordvest-Makedonia.

Ideen om eit albansk storrike blei lansert alt på 1800-talet, men har hittil berre vore realisert ved den tyske og italienske okkupasjonen under andre verdskrigen. Ei undersøking frå Gallup Balkan Monitor i 2010 viste stor folkeleg støtte til tanken om stor-Albania; tilslutninga blant albanarane var 62 % i Albania, 81 % i Kosovo og 52 % i Makedonia. Den russiske utanriksministeren Sergei Lavrov uttalte nyleg at idéen om stor-Albania trugar stabiliteten på Balkan. Også frå EU-hald er det uttrykt bekymring, men reaksjonane etter dei siste hendingane i Makedonia har hittil vore varsame og avventande.