Kor mange sivile har Vesten drepe og såra? Millionar? Kvifor kjem ikkje blodet av kvinner, born og eldre på TV slik at vi får sett kva Vesten held på med. Allerede under pavanes krossferder på tusentalet vart om lag 3 millionar arabiske muslimar drepne. Av vestmakter. Kvifor vert det ikkje ropa høgare om Vestens overgrep mot arabiske muslimar? Dei er av nøyaktig same slag som oss. Krig er den aller verste form for terror, men det er stille.

Krig mot dei fæle «kommunistane»

For å forstå kva eg meinar: La oss ta ein tur til Vietnam på 1970-talet då USA kjempa ein heroisk krig mot dei fæle «kommunistane». Også der fall det 3 millionar fattige bønder og like mange vart invalidisert eller skada, og landet vart øydelagt av gift. Viktig: Den gongen var det reportarar og TV-folk saman med soldatane på slagmarka. Via TV la dei blodet bokstaveleg tala oppi fanget til amerikanarane heime i USA. Det vart dryg kost, og sterke protestar, og krigen vart avslutta i ein fart i 1975. Eit sviande nederlag for krigsminister Robert NcNamara som etterpå sa at krigen var feil og dum. Aldri meir skulle TV få filme sanninga om USAs krigar rundt omkring i verda! Og slik har det vore sidan!

Bombekrig mot IS, Al-Qaeda, Nusra-fronten

Tilbake til Midt-Austen: Gjennom vinteren har vestmakter drive ustoppeleg høgteknologisk bombekrig mot IS, Al-Qaeda, Nusra-fronten og fleire terrorgrupper i Mosul, Palmyra og i landsbyar i Syria og Irak. Mange sivile må vere drepne. Men vi ser ikkje nedslaktinga på TV. Dermed trur mange at Vestens bombekrig er ikkje-eksisterande, eller ein snill krig med snille bomber. Korleis ville det gått viss resultatet av bombene over folk, byar og landsbyar kom på TV? Og først og sist: Er terroren mot Vestens byar eit svar på Vestens bomber?