Det kjem alltid løgn frå den kanten, men at russarane kan ha hjelpt russisk-talande i Aust-Ukraina med våpen, kan vere riktig. Russland rustar ikkje opp, men har fornya gamle utslitte våpen, men strevar med låge oljeprisar og beinharde sanksjonar frå Vesten.

I august 2008 gjekk den tidlegare sovjetrepublikken Georgia til åtak på Sør-Ossetia under leiing av president Mikheil Saakashvili med moderne våpen og trena soldatar frå US-president George W. Bush og Israel fordi det russiske fleirtalet i Sør-Ossetia ville lausrive seg frå Georgia. Ved hjelp av utslitte og gamle tanks vart dei georgiske soldatane kasta ut frå Sør-Ossetia av russarane. Det var altså ikkje slik at russarane gjekk til åtak på Georgia, det var Natotrena soldatar med Natovåpen som gjorde det kloss inntil russisk grense.

Av merkelege grunnar har Nato innsirkla Russland frå alle kantar med flybasar i Sentral-Asia, tanks og fly i vest, fly og ubåtar i nord og fly og flåtestyrkar i aust. Nato burde vere svært godt nøgd med Russland: Warzawapakta er nedlagt, Sovjetunionen er nedlagt, og landet har fått privatøkonomisk politisk system.

Til sist ei lita, men sann historie frå 1942: Då tilbydde US-president Franklin D. Roosevelt isfrie hamner i Nord-Norge til Sovjetunionen. Fire dagar seinare kom eit reideleg svar frå Stalin-regjeringa: «Sovjetunionen har ingen territoriale krav i Noreg». Stalin kunne ha svart annleis.