Tradisjonelt sett er Ranheim eit lag Hødd har slite med å finne ut av på bortebane. I dei to siste oppgjera på Ranheim Arena har det enda med 4-1 og 1-0, med to 1-1-kampar på rad før det igjen.

Hødds nye trenar, Hans-Erik Eriksen, har tydeleg indikert at han ønskjer at Hødd skal vere eit spelande lag i år. Det kom også til syne mot trønderane.

Den første halvtimen av kampen var det i hovudsak Hødd som fekk ha ballen i solsteiken, men ein del balltap den siste tredjedelen av banen – hos begge laga – gjorde at ingen fekk det store trykket mot nokon av måla.

Kvalitetsredningar

Kampens første store sjanse skulle ikkje kome før kampuret nesten viste 30 minutt. Etter gode kombinasjonar på Hødds høgreside vart nord-irske Robin Shroot flikka gjennom på blank hald. Frå om lag 14 meters hald fekk spissen avslutta på mål, men sisteskansen Even Barli fekk avverja sjansen.

Fire minutt seinare var det heimelagets tur til å . Eit innlegg frå Kristoffer Skille landa perfekt på foten til Robert Stene som fekk avslutta frå dryge fem meter, men 33-åringen vart nekta scoring etter ei enorm reaksjonsredning av Hødd-keeper Jan-Lennart Urke.

Ranheim fekk til litt meir dei siste 10-15 minutta av omgangen, og utteljinga for heimelaget skulle kome etter eit høgt press. I det 37. speleminuttet i Trondheim fekk Mads Reginiussen akkurat den tida han trengde utanfor Hødds 16-meter, og plasserte inn opningsmålet i Urkes høgre hjørne.

Serebas første

Vertane, for høvet kledd i blått, starta den andre omgangen med trua på at dei kunne gjere vondt verre for gjestene frå Ulsteinvik. Og eit Hødd som verka noko usikre i dei første minutta ut i omgangen såg ikkje fullt så komfortable ut med ballen etter sidebytet.

Men det handlar om å score mål i fotball, og det ville Robin Shroot og Didrik Sereba gjere noko med.

Like før timen var passert slo nord-iren ein perfekt ball i bakrom på Sereba. Holmlia-guten fekk akkurat ei tå på ballen framfor ein utrusande Barli, og 20-åringen sørgja for ei utlikning for Eriksen og co.

Hødds venstreback Christoffer Aasbak har ei fortid i Ranheim, og ønskte å seie takk for sist då han storma framover og lada venstreslegga i det 75. speleminuttet. Forsøket var brukbart plassert, men Barli var godt med og fekk kasta seg over ballen.

Forverra statistikken

Ranheim verka langt meir kvassare etter pausen, og etter fleire nestensjansar skulle det heimepublikum få noko å juble for endå ein gong. Robert Stene har vore ein viktig spelar hos gjestene, og 33-åringen fekk sitt andre seriemål for sesongen da han banka inn 2-1 for blåtrøyene – også det i Urkes høgre hjørne.

Like før den ordinære tida var unnagjort fekk Hødd ein kjempesjanse. Eit innlegg av Wrele fann vegen til innbytar Michael Karlsen som berre skulle plassere ballen i mål. I staden fekk ein fortumla Barli slått ballen ut til corner etter å ha fått skotet midt på seg. Hødd fekk ingen fleire sjansar til å utlikne, og Eriksen måtte derfor innsjå at det vart ein poenglaus fangst i Trondheim.

Det betyr at Hødd framleis ventar på sin første siger mot Ranheim på bortebane sidan 2011. Den gongen vant Hødd 5-2, men etter det har det altså enda med to uavgjorte kampar og tre tap.