I sommar har eg kjent på den største sorga i mitt liv, og den er framleis sterkt tilstades. Sorg handlar om livets reaksjon på å ta avskjed med nokon som er blitt ein del av vårt liv og vår historie. Det er vanleg å miste foreldra i godt vaksen alder. Ein kan læra mykje av å delta i andres sorg, men det er likevel noko anna den dagen det gjeld vår eiga mor eller far.

Inger Lise Stulien (40) er trebarnsmor, musikar og allmennlærar busett i nedre Setesdal.

Mamma Allis og pappa Arthur fekk mange fine år saman. Foto: Foto: Øystein Moi.

Eit kjært og trygt ankerfeste og stort førebilete reiste bort i juni, pappa døydde ifrå oss, 91 år. Tankane og konsentrasjonen kretsar mykje rundt saknet etter ein god og raus pappa. Ein pappa med godt humør, og som spreidde mykje musikkgleda rundt seg. Han var engasjert, entusiastisk og evig optimist. Eg kjenner det sårer når folk kondolerer med å seie: “han var jo gamal” eller “du må vere glad han slapp”. Det var i og for seg sant. Likevel reagerer eg negativt. Eg kjenner at sorga og saknet eg ber på og alt som følgjer med å seie farvel til ein pappa, inneber så mykje meir enn det omgjevnadene synast å vere klar over.

Døden gjer livet ugjenkalleleg

Sorga har inga aldersgrense. Ja, me var heldige som fekk ha han i så mange år, og desto fleire opplevingar har me delt. Mykje har me i storfamilien hatt saman, og difor har me meir å sakne, tenkjer eg. Å miste eit born, eller ektefelle i ung alder høyrer til det tragiske. Å miste gamle foreldre er ikkje tragisk, men det er så usigeleg trist, og like endeleg som alt anna som tek slutt. Døden gjer livet ugjenkalleleg. Eg veit det er naturens og livets gong, men det kan og kallast den undervurderte sorga, ifølge bokforfattar og prest, Steinar Ekvik.

Forholdet mellom born og foreldre skil seg frå alle andre relasjonar me befinn oss i. Born forblir born, og foreldre forblir foreldre sjølv om alle har nådd ein vaksen alder. Me veit at eldre menneske må døy ein dag, men eg tenkjer for meg sjølv at foreldre skulle ein ha for alltid! Heile livet har eg vore redd for å mista dei. Me opplevde mange merkedagar, jubilè, konsertar og høgtidsstunder ilag. Men mest av alt har me hatt kvardagar saman med mamma og pappa, og dei hadde ein stor flokk rundt seg heile tida. Einsemd var for desse to eit framandord. Nerare 60 års ekteskap i gode og vonde dagar, det er godt gjort i desse tider. Me har så mykje å vera takksame for.

Portrettfoto av Inger Lise Stulien: Arild Danielsen.

Foreldra våre har gitt oss livet, og dei er ein stor del av vår identitet. Møtet med døden er sterkt, og det gjer stort inntrykk. Det er og eit nærgåande møte med eins eigen dødelegheit og forgjengelegheit. Det einaste sikre er at kvart liv som er fødd skal og forlata denne jord. I ei slik tid sniker dei store spørsmåla seg inn: Kva er meininga med livet? Finnast det eit liv etter døden?

Tida før

Det følgjer sorg med å sjå at den ein er glad i reduserast. Då me forstod at sjansen var liten for at pappa ikkje ville bli frisk og rask att, er det mykje som skal bearbeidast. Dette set sitt preg på livet både privat og på arbeid. Då er det sjølvsagt kjærkoment at nokon rundt forstår kva ein går igjennom. Pappa var ikkje «mette av dage». Han hadde slik livsgnist og lyst til å leve. Han hadde så mykje å leve for, og framleis fleire ting han drøymde om. Eg synast at draumane han hadde er eit godt bilete på kva livet eigentleg handlar om.

Det er ikkje gull og glitter, men det enkle, nære og kjære, som t.d å samle flokken sin rundt seg og jobbe med veden til vinteren, eller ut i snekkerboden for å lage noko til borneborna. Han hadde nok sine tankar over å måtte døy ifrå oss alle som han høyrde saman med, sjølv om døden ikkje var noko særleg tema i samværet. Kvar gong me var saman gav me tydeleg uttrykk over kor glade me var i kvarandre gjennom ord og handlingar. Han hadde ein eigen evne til å sjå den enkelte, det er ein kunst. Eg tenkjer ofte på pappa i mi lærargjerning i skulekvardagen. Eg prøver å sjå eleven, slik pappa såg sine folk rundt seg.

Utviska aldersskilnad

Mykje gleda har me hatt ilag, og ikkje minst gleda over song og musikk har vore ein felles arena for familien. Aldersskilnad har blitt viska ut gjennom dette fellesskapet og samhøyret har blitt styrka gjennom denne interessa. Det avgjerande etter pappas bortgong er ikkje om me gjenlevande kan klare oss eller ikkje, men det er tøft å bryte alle band og ta eit endeleg farvel. Tenk at me aldri meir skal syngje og spele saman, aldri dele historiar og opplevingar, aldri meir høyre stemmen og oppleve den gnistrande begeistringa, og aldri meir le ilag og heller ikkje sjå det gode smilet.

Me kjende gleda saman, heilt til slutten. Pappa reiste med flagget til topps! Han var ved full bevisstheit og klokkeklar i hovudet inntil siste andedrag. Noko av det siste han sa var til hans eldste borneborn som nettopp hadde blitt ferdig politi, som sat ved sjukesenga. Han gratulerte og ønskja han lukka til i tenesta, og minna om kor viktig det er å stå på. Apellen hans har alltid vore klinkande klar: “Det er viktig å jobba og stå på, og vera glad i å arbeide! Då kjem du langt i livet.”

Pappa ønskja å ha sine rundt seg heile tida då han vart sjuk, og det var me både dag og natt, på skift i dei tre månadene han var dårleg. Han var ein usedvanleg vital, løysingsorientert og oppegåande sprek 90-åring i våre auge. Det er ei gåve når den døande er seg sjølv heilt til slutt. Me opplevde at pappa døydde med verdigheit. Me fekk han heim frå sjukehuset same kvelden, i kista, heim i stova til han og mamma. Der var me samla i fleire dagar rundt han, med familie og vener som tok sin siste avskjed med ein kjær familiefar og god ven. Minneord, lystenning og song fylte heimen desse dagane der respekten over det levde livet var i høgsetet. Dette var den gamle måten å gjere det på, ein tradisjon som var vanleg før itida. Me tok del i det alle, både liten og stor, og me opplevde det naturleg og rektig. Me stod tett og nært saman i sorga.

Vegen vidare

Kvardagen har kome. Gravferda er over, takkekorta er skrivne. Livet utanfor pulserer vidare som om ingenting har hendt. Det er jo slik det må vere, sjølv om tankane kan streife om at når ein sjølv er stemt i moll er det så underleg med alt anna som durer i veg. Sorg er umogeleg å førebu seg på. Me menneske sørgjer forskjellig, sorg arter seg ulikt. Det finnast inga fasit i ein sorgprosess. Sorg og gleda går fint saman. Heldigvis trur eg at eg er fødd med ei evne til at eg er lett å glede og begeistre. Eg tykkjer det er viktig å tillate seg sjølv å vere glad, sjølv om det triste er der. Eg vil jo ikkje dyrke sorga. Latteren og gråten går hand i hand. Eg har gjennomført konsertane mine i sommar. Pappa visste om stadene eg skulle stå på scenen, og det gav meg styrke til å gjennomføre. Men det har kosta mykje energi. Sorg tek tid og det tek krefter, sorg er hardt arbeid.

Verdien av å ha ei grav å gå til

Levande lys frå ei grav er eit vemodig og vakkert syn. Det talar sitt tydelege språk om menneskets behov for å halde minner levande, om trongen til å oppsøkje stader, og ta vare på alt som kan forhindra at dei som er døde glir ut av minnet og inn i eit utydeleg slør. Det som er sikkert er at borna lever med sine foreldre, også etter at dei er døde. Sjølv om livsfellesskapet er over, er relasjonen likevel ikkje slutt ved grava. Når det ikkje lenger er mogleg å dela livet saman, vil borna fortsetje å leve med dei minnene og kjenslene som blei skapt. Då eg sist vitja grava på kyrkjegarden, kom det ein fugl og setja seg ved sida av meg og den kvite krossen. Det var ikkje lenge før han flaug sin veg att. Dette vart eit nydeleg bilete og eit fantastisk symbol på den songen me i alle år har sunge saman med pappa: «Fly lille fugl». Me har opptrått med den utallige gonger opp igjennom barndom og oppvekst. Me åtte borna framførte denne songen rundt båra under gravferda i kyrkja, men hovudpersonen på trekkspel, høvdingen sjølv, mangla…

Her er musikkvideoen som me laga for over 15 år sidan. Refrenget lyder slik: “Fly lille fugl, med små vinger som du har, fly lille fugl, ta en hilsen med til far. Han er der oppe, det forteller mor, han er der oppe hvor englene bor..”

Eit stort og viktig kapittel i livet er over. Sjølv om me søner og døtre no er vaksne og alle har stifta sine eigne familiar som me er engasjerte i, vil vegen vidare bli prega av at me ikkje undervurderer kva tapet og avskjeden med gamle foreldre inneber. Heldige er me som framleis har ei mamma som er ei stødig klippe i livet vårt, og det håpar eg og trur eg me veit å setje pris på.

Heimestrikka sokkar

Eg ber med meg pappa kvar dag. Sjølv om me kjennest fattige utan han, er me rike på gode minner. Minnene lever alltid vidare, i våre hjarte. Livet må gå vidare, og eg kjenner meg takksam over alt eg har å leve for. Eg ser det som viktig å gje vidare alt det gode me har fått av våre foreldre til vår nye generasjon. Hausten har kome, kulda har setta inn, og tårene blir etter kvart meir skjult av regn og snø. Då er det godt å ta på seg pappa sine gode og varme heimestrikka raggsokker av ull som mamma har laga. Dei varmar ekstra godt no.

PS! Torsdag 15. oktober syng eg to konsertar saman med fleire andre artistar i høve prosjekt HÅP i Buen kulturhus i Mandal, klokka 17.30 og klokka 20.

PPS! Mitt første innlegg til Lokalkulturen kan du lese her.