wegelius bilde.jpg

«Morderens ape» er eit frittståande framhald av bilderomanen «Legenden om Sally Jones» (2008), som hausta mykje lovord.I 2015 fekk han Nordisk Råds Litteraturpris (barne— og ungdomsprisen) for 2. boka om hogorillaen Sally, som ikkje kan snakke, men t.d. kan skrive, er teknisk avansert, skjønar menneskelege kjensler osv. Eg skal ikkje seie så mykje om handlinga, men i botnen ligg eit muleg drap på ein mann som har ein løyndom som sterke krefter vil verne om, uansett pris.Dei 520 sidene begynner i Portugal, men forfattaren let gorillahoa Sally dra ut på ein fantastisk odyssé, blant anna til India og den styrtrike, H.K.H Maharajaen av Bhapur, der han mellom anna blir flymekanikar.Handlinga er forresten lagt til tidleg på 1920-talet.

Boka har klåre eventyrtrekk , men i vår tid er det naturleg å legge til, «fantacy-innslag».Ein ape som kan skrive, reparere trekkspel og kjenner seg heime i motorromet på ein dampbåt er ikkje spesielt realistisk.At Sally dessutan er ein rimeleg god sjakkspelar - det heng heller ikkje på greip.Men, den evna reddar henne i ein ganske håplaus situasjon!La meg uttrykke det slik: Sally er klok. Det ho går gjennom handlar til dømes om lojalitet eller det motsette, vensemd eller det motsette, iblant handlar det jamvel om å vere raus.

Hovudpersonen er ein hoape. Det er ikkje tilfeldig.Sally er eit vanleg jentenamn på engelsk, og Jones som etternamn er det same.Eg les i alle fall denne barne- og ungdomsromanen som ein jenteroman.Sally har mange eigenskapar som ikkje blir rekna som feminine; teknisk innsikt, evne til å reparere skadar på fly- og skipsmotorar, for å nemne eit par eksempel.

Med andre ord, svært mykje positivt.Illustrasjonane må nemnast spesielt.Illustratøren har teikna alle hovudpersonane i svart-kvitt, slik det var på 1920-talet.Gode portrett, som tar fatt i personlegdomen til den enkelte.Desse er plasserte først i boka.Mange fleire, er spreidde utover dei vel 500 sidene. Einaste innvendinga at boka, etter mi meining, er for lang.