Dei første seks-sju sidene skildrar eit spektakulært, svært valdeleg åtak på ein pengetransport på E6 mellom Oslo og Gardermoen.Ranarane forsvinn med ein betydeleg pengesum, og etterlet seg drepne og såra.Sjur Holt og avsnittet for spesielle operasjonar har ingen spor å gå etter, og enklare blir det ikkje når justisministeren også blir skoten, og nesten drepen.Presset frå media, overordna i politiet og politikarane blir etter kvart enormt.Alle krev resultat, raskt.

Erik Jensen, Bilde.jpg

Den korrupsjonstiltala Eirik Jensen og Thomas Winje Øijord har tidlegare skrive ein biografisk tekst om Jensen, «På innsiden: historien om mitt politiliv».Denne boka er ein reindyrka krim, der hovudpersonen Sjur Holt, i alle fall tilsynelatande, har mange trekk til felles med Jensen: rufsete klede og utsjånad, sans for store motorsyklar ol. Tilfeldig?Neppe. Eg skal ikkje utdjupe dette nærare , men konstaterer at plottet ikkje er så verst.Utan å røpe for mykje, både norsk flyktningpolitikk, austeuropeisk mafia og glødande hemnlyst er ingrediensar.Særleg mot slutten blir det bra driv i handlinga, og fleire av slåsskampane er det fart i.

Skildringa av dei ekstremt valdelege gjengane i Oslo, og korleis dei stadig meir påverkar politiarbeidet, er også god.Skildringa av det indre livet i politiet i Oslo er delvis god, men overflatisk og prega av ein type platt, iblant kvinnediskriminerande humor eg har liten sans for.

Men, eg har fleire innvendingar.Språkleg manglar boka mykje, særleg i starten, klisjeane myldrar.

Psykologisk skal ein kanskje ikkje vente for mykje av i ein reindyrka kriminalroman, men i denne boka står til og med hovudpersonen, etter mi meining, psykologisk ikkje til truande.Det blir betre utover i boka, heldigvis, men ikkje godt nok.

Kritikken mot dei overordna i politiet og i justisdepartementet er sterk og ikkje uventa, men for meg blir det noko monomant over den sida av boka.Dessutan, og det er ei hovudinnvending for min del, særleg i starten og mot slutten av boka, blir det for mange innslag av det eg kallar spekulativ, svært råe og unødvendige valdsscenar.