Han er ein av dei verkeleg store forfattarane.

fiskene bilde.jpg

Hovudpersonane i denne fascinerande romanen er forteljaren og den nære venen hans, Ari. Kven forteljaren er, får vi ikkje vite.Ein ven?Bror? Vi møter Ari idet han kjem tilbake til Island, omtrent midt i livet.Han har skrive litt, etablert seg som forleggjar i København, og har dessutan eit havarert ekteskap bak seg.Heimreisa skuldast at faren ligg for døden.

Retrospektivt blir vi kjende med besteforeldra til Ari, Margrét og Oddur, som på sett og vis representerer det tradisjonelle livsmønsteret på Island, med fiske og dermed eit nært forhold til barsk natur både til lands og til vatns.

Vi blir kjende med ein familie gjennom tre generasjonar, og forfattaren greier på imponerande vis å få fram korleis både arv og miljø på ulike måtar pregar menneska.

«Fiskene har ingen føtter» er ei gripande soge om kvardagsmenneske som elskar og hatar, som føler for å flykte, og for å vende attende. Ikkje berre hovudpersonane er teikna slik at vi trur på dei, også meir perifere, unge som gamle, står til truande.

Det meste av handlinga i romanen er lagt til to stader, Keflavik og Norðfjörður. Den første er ei liten bygd mellom bratte fjell, den siste ein by, den svartaste staden på Island, der folk flest levde av dei amerikanske soldatane. Kontrastar altså.

Boka har mange innfallsvinklar, eit etter kvart ganske stort persongalleri, men det kjennest ikkje som noko problem for meg som lesar.Kvifor?Svaret er kanskje ein utsliten klisjé, men det skal ikkje hindre meg å bruke orda; Jón Kalman Stefánsson er ein av dei verkeleg store forfattarane, ikkje berre i islandsk og nordisk samanheng.

«Fiskene har ingen føtter» er den fjerde boka han har blitt innstilt til Nordisk Råds Litteraturpris for, og det er fortent!Det var Jon Fosse som i år fekk den prisen, for kjærleikstrilogi om Asle og Alida, men juryen må stadig ha Jón Kalman Stefánsson i tankane.