— Med klimaendringane vil det komma meir og meir nedbør om vinteren, men på feil side av nullen i Sirdal, seier Torleiv Bilstad som er professor i miljøteknologi, til Aftenbladet. Altså som regn. Røldal vil derimot liggja på «rett» side av nullen og få mykje snø, meiner han. Ikkje lovande.

— Men eg håpar eg tar feil, for eg har sjølv hytte på Sinnes, legg skiglade Bilstad raskt til.Klimaprognosane for dei neste 20-30 åra er ikkje så lovande for Bilstad og andre som likar kvit vinter. Dersom klimaforskarane får rett, må skiglade rogalendingar i framtida trekka lengre opp i fjellet enn til skianlegga i Sirdal, på Gullingen eller i Svandalen for å finna snø. - Har du hytte i 1000 meters høgde, er du relativt trygg på å få skivintrar også i 2050, seier klimaforskar Terje Berntsen ved Cicero senter for klimaforskning. Høgare TEMPERATUR.

— På stader som ligg mellom 500 og 800 meter over havet, vil snøforholda variera mykje meir. Jamt over vil temperaturen bli høgare. Ein kan likevel få kjempesnøfall når temperaturen er rundt null, som bergar snøen den vinteren. Andre år kan nedbøren berre komma som regn, seier Berntsen til Aftenbladet. Han og Torleiv Bilstad ventar meir og meir lokale variasjonar i fjell-Norge.- For skisentra vil kunstig snøproduksjon i kuldeperiodar bli heilt avgjerande for økonomien, meiner Berntsen.Klimaforskaren understrekar at 20-30 år er eit såpass kort perspektiv at det vil verta ein del naturlege variasjonar i klimaet. Varmare.

I eit meir langsiktig perspektiv er Berntsen derimot svært sikker på at vintrane blir varmare, uansett om dei menneskeskapte utsleppa går ned eller ei. For som Torleiv Bilstad minner om, er halveringstida for CO2 i atmosfæren 100 år.- Eg vil bli overraska dersom vintrane rundt år 2050 ikkje er ei grad varmare enn nå, i snitt i løpet av ein 10-årsperiode. Men det vil også kunna komma ein og annan kald vinter innimellom, seier Berntsen som er utdanna meteorolog. Temperaturen er den delen av framtidsværet som klimaforskarane er sikrast på. Dei uttalar seg ikkje fullt så sikkert når det gjeld framtidige nedbørsmengder - men ventar seg meir vinternedbør som regn eller snø. Vindforholda er dei meir usikre på. Kortare vintrar.

Han viser til at utviklinga mot meir snøfattige vintrar er i gang allereie. Mot slutten av dette hundreåret reknar klimaforskarane med at snøvinteren over store deler av landet vil ha minka med mellom 50 og 80 dagar i forhold til perioden 1961 til 1990. Den største nedgangen er venta å komma i kystnære fjellområde. STAVANGER AFTENBLAD/fædrelandsvennenTekst: Turid Furdal turid.furdal@aftenbladet.no