Det var lenge jamnt i toppkampen mellom Sogndal og Fredrikstad onsdag kveld. Fredrikstad måtte ha poeng for å halda Sarpsborg bak seg, Sogndal måtte vinna for å sikra opprykket til eliteserien.

I andre omgang, samstundes som snøen kom på Fosshaugane, løsna det for Sogndal. Først sette Per Egil Flo inn 1-0 på eit langskot etter ein flott soloprestasjon. Deretter avgjorde Tommy Øren kampen, slik han gjorde det mot Vålerenga i 2000, med si 2-0-scoring.

Dermed er Sogndal klare for spel i eliteserien for første gong sidan 2004. (Artikkelen fortsetter)

VIDEO Sogndal — Fredrikstad 2-0

Sogndal — Fredrikstad: Høydepunkter

- Dette er det viktigaste målet eg har scora nokosinne. No skal me bita frå oss i eliten også, seier Per Egil Flo til bt.no.

Tommy Øren var svært glad etter å ha vorte matchvinnar.

- Dette var deilig, og veldig greitt å få eit punktum etter at me har vore på toppen av tabellen så lenge, seier Øren.

Han har vore mykje på benken denne sesongen, men mot Fredrikstad var Øren i fyr og flamme.

— Eg følte meg pigg då eg vakna i dag. Eg veit eg kan gjera slikt som dette, seier Øren.

Jamn førsteomgang

Sogndal starta første omgang best. Tommy Øren kom til to gode sjansar i løpet av dei første ti minutta, men begge gongane var avslutninga for dårleg.

Fredrikstad kom meir med etter kvart, og midtvegs i første omgang kom Amin Askar til kampens største sjanse. Askar vart spelt fri inne i boksen, og sendte av gårde ei knallhard avslutning som gjekk forbi Sogndal-keeper Joe Bendik. Men uheldigvis for Askar traff ballen stolpen.

FFK-preset held fram. Etter ein halvtime fekk Celso Borges til ei kanonheading på eit hjørnespark, men ballen vart redda på streken.

Sogndal best i andre omgang

I det 53. minutt kom Henrik Furebotn til ein grei sjanse for Sogndal. Eit angrep kulminerte i at Furebotn fekk god tid til å avslutta frå 20 meter. Men skotet gjekk utanfor.

Stor Sogndal-sjanse etter 56 minutt. Elvis skaut fra 20 meter eit skot med dårleg retning, men Jan Tore Ophaug heada ballen på vegen, og ballen traff stolpen bak ein utspelt Jon Masalin.

Så, etter 59 minutt, kom kampens desiderte høgdepunkt. Per Egil Flo fekk rom, finta av eit par mann, og like innanfor hjørna av 16-meteren løsna han eit skot. Det gjekk knallhardt og presist i lengste hjørne bak ein sjanselaus Jon Masalin.

Med 20 minutt att å spela fekk Tommy Øren ein alle tiders sjanse til å laga 2-0, men han skaut rett på Jon Masalin.

Øren punkterte kampen

Men like etter var Øren der igjen. I det 68. minutt fekk han ballen på 20 meter, finta Raio Piiroja fullstendig ut, og hadde då ein enkel jobb med å scora. Jon Masalin hadde ingen sjanse på avslutninga. 2-0 til Sogndal.

Ny stor Øren sjanse med eit kvarter att å spela. Det var frispark til Sogndal frå 25 meter, og Øren skaut. Keeper redda såvidt det godt plasserte skotet.

Sju minutt før slutt var det Ole Jørgen Halvorsen sin tur til å visa seg fram. Vingen kom seg fri inne i feltet, men Jon Masalin avverga skotet frå Halvorsen frå kloss hald.

Ole Jørgen Halvorsen (til venstre) og Henrik Furebotn gratulerer Per Egil Flo med scoring. (Foto: Tor Yttri)