Staalesen Omslag.jpg
Gunnar Staalesen Foto: Helge Skodvin
Gunnar Staalesen Foto: Helge Skodvin

Gunnar Staalesen er ein av mine favorittar innan krimsjangeren.Han skuffar ikkje denne gongen heller, sjølv om «Storesøster» ikkje er blant dei aller beste om detektiven Varg Veum.Ei dame som viser seg å vere ei ukjend halvsyster dukkar opp og engasjerer han til å leite opp ei ungjente ho er gudmor til.Jenta flutte til Bergen for å studere, men har vore sporlaust borte i 14 dagar når Veum begynner å grave.Spora er få, men litt etter litt finn han diverse grums, som løgn, overgrep og lite vakre familieløyndomar.

Staalesen Omslag.jpg

Utan å røpe for mykje, ein MC-bande blir etter kvart sentral, og fleire av dei er ikkje til å spøke med.Eit aparte nettforum spelar også ein sentral rolle.Ein digresjon, ein sentral person i boka har forfattaren skrive om tidlegare, i den såkalla «Bergen-trilogien».Kven skal eg ikkje røpe. Staalesen viser også i denne boka at han er ein krimlitterær handverkar i første divisjon.Intrigen er mangfaldig, for ikkje å seie intrikat.Det blir etter kvart mange lause endar, men forfattaren leier oss lesarar greitt og trygt gjennom sidene.Dei første 100 sidene er det ikkje spesielt mykje fart over, noko som er ganske vanleg i god krim.Forfattaren presenterer diverse personar og miljø.

Vidare får den påpasselege lesaren servert fleire frampeik som skjerper merksemda.Få gjer det med same sikre grep som bergensaren Staalesen.

I ein klassisk krim skal det mot slutten skje noko som betyr ei tydeleg opptrapping av spenningsnivået.Det skjer også i denne romanen, men eg synst Staalesen er betre som psykolog og menneskeskildrar enn som såkalla «actionforfattar».Når motorsykkelbøllene tek Veum til fange og bankar han opp, blir det spennande, men skildringa av korleis han kjem seg unna, er mindre imponerande enn mykje anna i boka.

Øl— og akevittmennesket Veum er nærast på «vannvogna» (sjølv om ei flaske ligg trygt i ein skuff). Om det er til det gode for oss lesarar, skal eg ikkje ha noka formeining om.Konklusjonen er i alle fall klår, Varg Veum er den mest interessante personen eg kjenner til i norsk krimlitteratur.