• Sigurd Haugsgjerd sitt bladstyrar-kontor er slik eit bladstyrar-kontor skal sjå ut for ein som har bygd eit livsverk. Legg merke til Ivar Aasen på veggen. Haugsgjerd er svært glad i nynorsk og skulle ønske fleire nytta det skriftleg. FOTO: Torstein Øen

Haugsgjerd har vore bladstyrar i 39 år

Kjærleiken til grendene og folket i Setesdal vaks seg stor og sterk i Sigurd Haugsgjerd. Så stor og sterk at han skapte noko heilt spesielt. 24. januar er avisa Setesdølen 40 år.