• Henrik Wergeland var ein av dei første som sette ord på den nye begeistringa for det norske etter Grunnlova 1814, skriver artikkelforfatteren. Gjennom diktinga si og folkeopplysningsarbeidet sit forma han folks oppfatning av kva det vil seia å vera norsk. Bildet er fra 17. mai-feiringen i Vennesla i 2013. FOTO: ARKIV

På leit etter det norske – om nasjonsbygging på 1800-talet

Det er lenge sidan Edvard Grieg skapte sin nasjonale musikk bygd på slåttar og stev som levde i folketradisjonen. Og det er lenge sidan Bjørnstjerne Bjørnson skreiv Synnøve Solbakken. Nettopp denne avstanden i tid gjer det mogeleg å sjå klarare kven dei var og kva dei gjorde, dei som skapte "det norske sjølvbiletet".