• VIKTIG: Norges gratis utdanning er en viktig bærebjelke i velferdsstaten. Dette er fra UiA i Grimstad. FOTO: ARKIV

Å dele for å skape

For eit par år sidan lanserte NHO omgrepet velferdsfella. Det var eit retorisk grep for å skape inntrykk av at velferdssamfunnet er ei felle og ein klamp om foten for næringslivet. Men dette er å snu saka fullstendig på hovudet. Det er nettopp velferdsstaten som har lagt grunnlaget for dagens verdiskaping, og som skal bidra til å skape det næringslivet vi skal leve av etter olja.