Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Anne Gjeitanger - Incontro

Annonse

Guiden:

Sjekk hvilke konserter, show, festivaler og annet som skjer i sommer i vår kulturguide.

Sist anmeldt på fvn.no

 
Terningkast 5 Karine Nyborg - Ikke rart det kommer kråker (Aschehoug)

Terningkast 6 Henrik Arnstad - Skyld. En europeisk reise i skyggen av Nazi-Tyskland (Spartacus) Oversatt av Egil Fredheim

Terningkast 4 Alexandra Beverfjord-Kretsen (Gyldendal)

Terningkast 6 Johan B. Mjønes-Orkanger (Aschehoug)

436
Terningkast 5 Iron Maiden - The final frontier (EMI)

Les flere anmeldelser:
FILM MUSIKK BOK

Pondus, Nemi og Rocky - les dagens striper

Annonse
Tekststørrelse     Skriv ut  

Mimi og Tale kjenner kvarandre frå kunstskule i Tyskland, Mimi som lærar, Tale som elev. Idet Mimi skal halde den første separatutstillinga si på Jæren, kjem Tale, som ikkje lenger får til å måle, på besøk. På om lag 120 sider let forfattaren dei to kvinnene kommunisere, skuleflinkt byter ho stadig synsvinkel mellom den godt vaksne Mimi, som gjerne vil stå fram som einslags morsfigur, til den unge, svært usikre Tale. Det er tidleg vår på Jæren, naturskildringane fungerer som eit fint bakteppe. Språket er prosalyrisk, gong etter gong får vi servert nøyaktige, ja nitide skildringar av svært prosaiske kvardagsting. Og sjølvsagt handlar det om kjærleik, kjønnsrelasjonar, til og med store, filosofiske spørsmål rundt liv og død.

Etter 8,10 sider er du som lesar klår over at her opererer eit litterært fagmenneske. Språket fungerer, flyt lett og elegant. Innan hoppsporten vart det i alle fall i gamle dagar, tala om småpene hopp. Incontro, som er italiensk og betyr møte, er ei småpen bok, men eg vonar debutanten etterkvart vågar seg på luftigare, litterære svev. For, episk blir det smålåte, delar av denne romanen har blitt svært stilleståande. Lett å lese, men samtidig lett å gløyme.

Men, når både det litterære handverket og talentet er på plass, og det er båe delar her, ligg alt til rette for at det kan vere meir flukt og framdrift i framtidige romanar.

Bjarne Tveiten

Bok

Incontro

Roman av Anne Gjeitanger

Oktober

Publisert 19.09.05 18:15 Oppdatert 20.09.05 09:56
Annonse
FVN.NO - FRA FORSIDEN

Agderbyens far lanserer ny kommunestruktur:

Jon P. Knudsen mener 25 kommuner på Agder bør bort. Se forslaget til ”det nye Sørlandet” og si din mening.

Eramet i Kvinesdal:

Gassalarmen var gått og det var ingen personer i området, da det tirsdag eksploderte ved den ene smelteovner ved Eramet Kvinesdal.

Annonse