• FULL JUBEL:

    Salen eksploderte då det vart klart at Jonas Alaska vann nykommarprisen

    FOTO: Peter Svalheim, Åmliavisa

  • Besta Astrid Aslaksen og bestefar Oddvar Aslaksen var snare til å sende ein gratulasjon til Oslo. og hos dei tikka meldingane inn jamleg.

    FOTO: Håkon Homme, Åmliavisa

  • FEIRA MED KAKE:

    Ordførar Reidar Saga, og besteforeldra til Jonas, Oddvar og Astrid Aslaksen med sigerskaka.

    FOTO: Håkon Homme, Åmliavisa

Full Alaska-jubel i Åmli

Tidenes flottaste bygdefest i Åmli, då bygdas store son Jonas ”Alaska” Aslaksen fekk spelemannsprisen som årets nykommar.

ÅMLI: - Heilt ærleg, dette hadde eg aldri trudd! seier ”besta” Astrid Aslaksen med eit stort og varmt smil til Åmliavisa.

Det er noko så uvanleg som ein spelemannspristildeling med lokalt tilsnitt i skogsbygda Åmli med 1800 innbyggarar. Ein stadig stigande Alaskafeber har breidda seg i takt til utviklinga til den unge artisten frå bygda.  No følgjer hundre par auge spent med på storskjermen i Åmlihallen, der lokale initiativtakarar har skipa til fest.

Les også

Alaska: - Rått og rørende

Jonas Alaska ble "Årets nykommer".

Stilla senker seg og vert nærast febril når  superstjerna Marit Larsen introduserar kandidatane til årets nykommar i Musikk-Noreg – kan hende den gjevaste prisen. Og så står jubelen i taket: Det vart verkeleg heimesiger!

Og midt i mylderet av glade sambygdingar sit Astrid og Oddvar Aslaksen og kan knapt tru det dei opplever. Dei er besteforeldra til den nytende stjerna, og er meir vane med at han kjem slentrande inn døra og spør om det vert kompe til middag.

- Eg tenkte: Nei dette går ikkje. Alle desse stjernene, og så skulle Jonas få prisen? Men så ble det han likevel – og da er han vel ei stjerne han óg, då! seier ”besta” Astrid rørt.

Ho kan sjå på skjermen at sonesonen var skikkeleg rørt, han óg.

Video

 

Spellemann til Alaska

Jonas Alaska vant Spellemann for "Årets nykommer".

Heller ikkje bestefar Oddvar kan heilt tru på sine eigne øyrer.

- Eg trudde kan hende han hadde ein sjans på tekstforfattarprisen, for han skriv veldig godt. Men at han skulle få denne -!

Då var det og mest uverkeleg å sjå at han sonesonen kunne ta med seg 250.000 kroner, som følgde denne prisen, ned frå scena.

- Eg har gitt nok gitt han nokre økonomiråd, røpar, ”besta”.

Les også

– Skulle gjerne vært i Åmli akkurat nå

Jonas Alaska kan ta Spellemann–storeslem i kveld.

Åmli-ordførar Reidar Saga er ein av dei som smilar breitt. 

- Dette har Åmli verkeleg fortent, erklærar han i ein improvisert tale for sambygdingane, og minnar om all den negative pressemerksemda som vart bygda til del for eitt år sidan.

- No står det ein på scenen og er ein fantastisk ambassadør for bygda. Gratulerer, bestemor og bestefar, og Gratulerer Åmli!

Siste fra Kultur

Åpningsfest i Venneslas storstue

Flygel-talentet Rut Marie Bang spilte for spesielt inviterte gjester under åpningen av Venneslas kulturhus.

Les også

På forsiden nå

Mest lest

Profilerte stillinger