• Jr NM Skiskyting Ullsheim, Stryn

    FOTO: Øystein Torheim

  • JR NM Skiskyting Ullsheim

    FOTO: Øystein Torheim

Gull-rush for vestlendingane i junior-NM i Stryn

Kampinfo

Laster...

Det vart gull til Hilde Fenne, Johannes Thingnes Bø, Johan Eirik Meland og Turid Salbu i junior-NM skiskyting i Stryn fredag.

Gulla til juniorverdsmeistrane Hilde Fenne frå Voss Skiskyttarlag og Johannes Thingnes Bø frå Markane IL var oppskiftsmessige. Fenne traff 17 av 20 blinkar og hadde ein sigersmargin på 3 minutt og 27 sekund i 19-årsklassen.

- Eit greit løp, men ikkje ekstremt godt. Eg er nøgd med skytinga. Tre bom på 20 skot er ikkje så verst for meg, men eg gjekk raskare i sporet i junior-VM, seier Fenne.

Veslebror Bø i særklasse

Medan Tarjei Bø vann gull i stafett i VM for Norge fredag, knuste veslebror Johannes konkurrentane i junior-NM på heimebane på Ullsheim i Stryn. Med tre bom var han 4 minutt og 22 sekund før nummer to, Øystein Ulekleiv frå Dombås, i 19-årsklassen. Det er direkte utklassing, og Thingnes Bø meinte han hadde gått eit løp i verdsklasse i 19-årsklassen.

- I junior-VM i Kontiolahti traff eg berre 14 av blinkane og vart nummer fire. I dag skaut eg betre. Det går betre og betre på standplass, det skal bli spennande å sjå kva dette kan holde til i senior-NM i Trondheim om to veker, seier Thingnes Bø.

Fire gull til Vestlandet

I 18-årsklassen for jenter gjekk Turid Salbu frå Voss Skiskyttarlag inn til gull etter fenomenal skyting. Ho skaut alle dei 20 blinkane rett ned. Det heldt til siger, sjølv om farten i sporet ikkje var like høg som hos sølvvinnar Kristin Sandeggen frå Alvdal. Med fem bom var ho 40 sekund bak gullvinnaren frå Voss.

Den siste lokale gullmedaljevinnaren vart Johan Eirik Meland frå Markane IL. Også han sikra gullet på standplass, men heldt også god fart i sporet. Han traff 19 av 20 blinkar og var ni sekund før sølvvinnar Didrik Maltun frå Fossum som skaut fullt hus.

Det var frykteleg vått på Ullsheim fredag, og arrangørane hadde ein stri tørn. Laurdag er det sprint og søndag stafett i junior-NM i skiskyting.

Les også:

Siste sportsnyheter

Tabell

Laster...

Lag

Laster...

Siste resultater

Laster...

Kommende kamper

Laster...

Fotballstatistikk

Laster...

Plassering

Laster...