• FOTO: Rune Nielsen

Marthinsen vann verdscupen samanlagt

Mariann Vestbøstad Marthinsen frå Loddefjord IL vann verdscupen i langrennspigging samanlagt.

Det er klart etter at ho gjekk inn til siger på 5 kilometer i Voukatti i Finland tysdag. Ho var 10 sekund før Pavlenko frå Ukraina som har vore ein av dei største utfordrarane denne sesongen. Dette er første gong på fem år at ein norsk utøvar vinn verdscupen i langrenn for funksjonshemma.



-Den gode framgangen min frå i fjor skuldast fleire faktorar. For det første har eg utvikla meg som skiløpar, blitt betre teknisk, taktisk og held betre på dei lengre distansene. I tillegg har eg denne sesongen fått et par knallgode ski. Utstyret har som alle veit veldig mykje å seie for å nå toppen.

Eg har denne sesongen også fått trent meir gjennom hele året, hatt veldig mange treningssamlingar både i svømming og i langrenn, og prioritert meir trening framfor jobbing, seier ho.



- Eg hadde ikkje venta at eg skulle stikke av med sigeren i verdscupen denne sesongen. Men eg såg eg hadde sjansen i USA i januar. Dette betyr at jeg kan få betre økonomiske vilkår framover. Det er gull verd i satsinga videre, seier ho.

- No blir ski og kjelke byttet ut med svømmedrakt for førebuingar mot Paralympics i London i august-september, seier ho.



Marthinsen, som er busett på Minde i Bergen, har amputert høgre fot og redusert førlegheit i høgre arm.



Nordmannen Vegard Dahle vann verdscupen samanlagt i den ståande klassen.

Siste sportsnyheter

Ranking

Laster...

Siste resultater

Laster...

Kommende kamper

Laster...

Fotballstatistikk

Laster...